Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Nynorsk. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Har du ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I vår kommune tar me alle bekymringar som gjeld barn og unge like alvorleg, anten bekymringane er sterke eller vage. Har du som vaksen ei uro for eit barn for eksempel i familien din, venekretsen eller nabolaget, kan du ta kontakt med alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesøster, utekontakt eller SLT-koordinator. Du kan og kontakte kommunen sentralt.
Slik kan du bidra til at barnet får den oppfølginga det treng.
Les meir om Uro for barn og unge.
Kontaktinformasjon:
Nynorsk kommune
53 49 00 00Helsestasjon
53 40 00 00Utekontakten
53 49 00 00
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 112 eller Barnevernstenesta 97 55 21 63